Tromsdalen: Kvinner og stemmerett i Tromsø

Magnhild Folkvord kommer også til Tromsdalen bibliotek!

- Legg til i kalender2023-05-31 16:00:002023-05-31 17:00:00Title Magnhild Folkvord kommer også til Tromsdalen bibliotek! Tromsdalen bibliotekTromsø kommune postmottak@tromso.kommune.noEurope/Oslopublic

Det er 110 år siden kvinner fikk stemmerett i Norge.

I denne anledning får vi besøk av forfatter Magnhild Folkvord. Hun skal holde foredrag med fokus på kvinner og stemmerett i Tromsø, og trekker inn fremtidsfeminist Gina Krog.  

Magnhild Folkvord er journalist og forfatter. Hun har skrevet flere biografier om kvinner som har vært viktige kvinneorganisatorer i sin tid, men som i etterkant har blitt glemt. En av disse er Gina Krog, som var ei av Tromsøs viktige kvinner i kamp om stemmerett for kvinner i Norge.  

Gina Krog – framsynt feminist og tindeklivar 

Gina Krog (1847-1916) var ei av dei sentrale føregangskvinnene i den norske kvinnesaksrørsla heilt frå 1880-talet. Utan utdanning og utan stemmerett, slik det var for kvinner den gongen, gjekk ho i spissen for stemmerettskamp og for kvinners rettar på dei fleste område. Ho starta og redigerte det første norske kvinnepolitiske tidsskriftet, Nylænde frå 1887 og til ho døydde i 1916. 

Tromsø hadde si eiga stemmerettsforeining, og i 1903 var dei vertskap for Gina Krog, som kom og heldt foredrag – og oppmoda til kamp for kvinnestemmeretten. 

I tillegg til stemmeretten var Gina Krog opptatt av økonomisk sjølvstende for kvinner, fagorganisering, litteratur, fotturar i fjellet, internasjonal kvinneorganisering og meir til. 

Gina Krog levde åleine. I motstetnad til den eine skapingsforteljinga i Bibelen, som seier at det ikkje er godt for mennesket å vera åleine, uttalte Gina at kvinnesakskvinnene kunne sjå for seg seg ein ny skapingsorden og eit nytt paradis, der det skulle heita at det er «godt at mennesket, kvinna, er åleine [mi utheving]» – inntil skapinga av den nye mannen er «fuldbragt». 

Dato

-
Sted
Tromsdalen bibliotek