Forfattersamtale: "Du veit ingenting" av Sigrid Agnethe Hansen

Vi får besøk av forfatter Sigrid Agnethe Hansen som skal snakke om den nye boka si "Du veit ingenting". Forfattersamtalen er i samtale med forfatter Therese Bakkevoll.
Arrangementet er for deg mellom 13 og 19 år. Det blir gratis Pizza!!

Om boka:
Den vanskelege søskenkjærleiken.

Tina er 16 år og går siste året på ungdomsskulen. Ho har ei veslesøster, Erika, som ikkje er som andre småsøsken. Ho kan plutseleg gå i vranglås og krev mykje av tida og kreftene til foreldra. Tina skulle ønske ho hadde ei søster som ikkje laga scenar for den minste ting. Men når nokon ein dag seier noko stygt om Erika, svartnar det for Tina. For om ikkje ho står opp for Erika, kven skal gjere det då?

Dessutan har Tina eit anna problem. Medan alle rundt ho begynner å forelske seg, kjenner ikkje Tina noko, verken for gutar eller jenter. Når bestevenninna Anna plutseleg forelskar seg hovudstups i ein gut, blir Tina ståande heilt einsam att.

Du veit ingenting er ein lauseleg oppfølgjar til den kritikarroste ungdomsboka Ser du dette? frå 2020 og er ei sår, humoristisk og original forteljing om å ikkje passe heilt inn, om vennskap, om mot og om søskenkjærleik.

Sigrid Agnethe Hansen (f. 1989) er programleiar og produsent i NRK Troms. Ho debuterte med boka Ser du dette? i 2020. Du veit ingenting er den andre boka hennar.

Therese Bakkevoll (f. 1975) kjem frå og bur i Tromsø. Ho har studert ved Litterär Gestaltning i Göteborg og ved Forfattarstudiet i Tromsø, og jobbar som miljøterapeut. Ho har tidlegare hatt tekst på trykk i Signaler 2019 og i Nye Nynorske Noveller: Slutten på historia. Tallboy er den første boka hennar.

Dato

-
Sted
Hovedbiblioteket, plan 2