Bokbad med Brynjulf Jung Tjønn

KVIT, NORSK MANN

kva vil du bli
når du blir stor?

eg vil bli
ein kvit, norsk mann

- Legg til i kalender2023-03-28 16:00:002023-03-28 17:00:00Title KVIT, NORSK MANNkva vil du bli når du blir stor?eg vil bli ein kvit, norsk mann Hovedbiblioteket, plan 2Tromsø kommune postmottak@tromso.kommune.noEurope/Oslopublic

Slik opnar diktsamlinga Kvit, norsk mann, som blei kåra til ei av Årets beste bøker i 2022 av både NRK, Klassekampen, Vårt Land, Framtida.no og VG, kor han også fekk terningkast 6.

Korleis er det for eit adoptivbarn å kome til Norge og vekse opp på den mest norske måten, men heile tida bli minna på at ein ikkje ser norsk ut?

Brynjulf Jung Tjønn blei fødd i Sør-Korea, men vaks opp som odelsgut i Sogn og Fjordane. I Kvit, norsk mann skriv han om oppveksten og draumen om å sjå ut som alle andre. Gjennom rystande og komiske situasjonar og refleksjonar, gir dikta oss innblikk i norsk rasisme, fragmentert identitet og utanforskap.

Hadde det ikkje vore enklare om han hadde sett ut som ein kvit, norsk mann? Då ville kanskje ikkje folk spurt han om kor han eigentleg kjem frå.

Tekstane trekkjer også forbindelsar til andre, liknande forteljingar – og viser kor ille det kan gå når rasismen får utfalde seg, som dei rystande dødsfalla til Arve Beheim Karlsen, Benjamin Hermansen og Johanne Ihle-Hansen.

Dette er enkle dikt på nynorsk som høver for alle aldrar.

Brynjulf Jung Tjønn (f. 1980) er forfattar, dramatikar og forlagsredaktør. Han har skrive fleire bøker for barn, ungdom og vaksne. I 2013 vann han Brageprisen for ungdomsromanen Så vakker du er. Tidlegare i år blei han tildelt P2-lyttaranes romanpris 2021 for Kvar dag skal vi vere så modige. Han er også Husdramatikar ved Dramatikkens Hus. I år er han aktuell med diktsamlinga Kvit, norsk mann.

Bokbadet er i samarbeid med Adopsjonsforum Troms og Finnmark

Dato

-
Sted
Hovedbiblioteket, plan 2